Bli med på studietur til Palestina og Israel 1.-8. april

Studieturdeltakarar frå turen me hadde i august 2016 saman med den israelske advokaten Danny Seidemann på Oljeberget i Jerusalem, foto: Tora Systad Tyssen

Fellesutvalget for Palestina inviterer med dette til studietur til Palestina og Israel 1.-8. april 2017. Studieturane me arrangerer er for medlemmer i medlemsorganisasjonane våre.

På turen planlegg me å møte ulike mennesker og organisasjonar og besøke ulike stadar i Palestina (Vestbreidda og Aust-Jerusalem) og Israel. Målet med turen er å gje eit usminka og direkte bilete av korleis kvardagen for det palestinske folket under den israelske okkupasjonen er.

Soloppgang over Betlehem, foto: Tora Systad Tyssen

Me reiser mellom anna til Jerusalem, Betlehem, Nablus, Hebron, Ramallah, Jordandalen, Qalqylia og Yaffa/Tel-Aviv. Me opplever korleis muren hindrar palestinarane sin tilgong til jorda si og til å reise, me lærer om palestinske flyktningar sin situasjon og besøker flyktningeleirar. Me møter palestinarar som opplever stadig busettarvald og trakassering frå israelske soldatar og syner korleis busettingane stel jord og livsgrunnlag frå palestinarar. Me besøker organisasjonar og fagrørsle som på ulike måtar jobbar mot okkupasjonen med fredlege middel. I tillegg besøker vi mange av dei religiøse destinasjonane som gjer at mange kjenner tilknyting til området, mellom anna Klagemuren, Haram ash-Sharif, Fødselskyrkja og Gravkyrkja.

Turen gir eit unikt høve til å møte palestinarar og høyre frå dei sjølve korleis livet og kvardagen er, i tillegg til å sjølvsagt ete smake god palestinsk mat, øl og vin og lære meir om den palestinske kulturen.

Guida omvising i Betlehem kor ein får sjå korleis muren hindrar palestinarane i kvardagen, foto: Tora Systad Tyssen

Me lagar eit program som me meiner skal kunne vere til interesse for mange og tek gjerne imot innspel om det er særskilde plassar de vil besøke. Me vil gjerne sette søkelys på aktuelle problemstillingar og vil prøve å inkludere tema som norsk-israelsk petroleumssamarbeid og forskingssamarbeid om våpen- og militærteknologi dersom det er interesse fra deltakarne for det.

Les gjerne reisebloggen som vart skrive på turen me arrangerte påska 2015 her.

Prisen på turen er endå ikkje heilt avklart, men det vil koste mellom 10 000-13 000 kroner per person, noko meir om du ønsker enkeltrom på reise. Prisen inkluderer reiseutgifter, guida turar og noko av maten. Fellesutvalget vil lage program, organisere turen og stille med reiseleiarar med god kjennskap til Palestina og regionen.

Påmeldingsfrist til studieturen er måndag 27.februar, men meld gjerne på før den tid. Det er plass til 15 deltakarar på studieturen.

Ta kontakt med Tora Systad Tyssen dersom du er interessert i å delta, vil melde på deltakere eller har spørsmål på epost tora@palestina.no eller tlf 468 66 155/ 473 34 443.


Fatal error: Uncaught Exception: 12: REST API is deprecated for versions v2.1 and higher (12) thrown in /home/palestin/public_html/wp-content/plugins/seo-facebook-comments/facebook/base_facebook.php on line 1273