Verdensseminar: Samarbeid på ville vegar

DESERT RESCUE XIForsking og utvikling av ny kunnskap skal vere med å rive ned murar og drive verda framover. Kva skjer når ny teknologi og kunnskap heller vert nytta til ressursran, undertrykking og væpna kamp?

Tysdag 25. oktober inviterer Fellesutvalget for Palestina i samarbeid med Senter for utvikling og miljø og SAIH til Verdensseminaret (tidlegare Ulandsseminaret) på Blindern for å diskutere dei problematiske sidene ved norsk-israelsk forskingssamarbeid.

Ei rekke norske universitet bidreg gjennom forskingssamarbeid med israelske institusjonar til at Israel kan utvide si forsking på petroleumutvinning og våpenutvikling. Petroleumen vert henta opp frå havområder som er folkerettslege omstridt og våpena vert brukt til å oppretthalde den ulovlege militære okkupasjonen av Vestbreidda og Gaza. Universitetet i Oslo er til dømes gjennom EU sitt rammeprogram for forsking Horizon 2020 i samarbeid med det israelske Technion. Gjennom sterke band til det israelske militæret og våpenindustrien er Technion ei viktig støtte og tilretteleggar for den israelske okkupasjonen.

Korleis kan ein sikre at norsk akademia ikkje bidreg til brot på internasjonal rett og menneskerettane?
Bør norske akademikarar bidra med kunnskap og kompetanse til samarbeid med israelske institusjonar eller bidreg ein slik heller til å bygge murar framfor å rive dei ned?
Bør norske universitet ha retningsliner for kva universitet dei samarbeider med eller kan dei gjennom å ha slike samarbeid vere ein pådrivar for menneskerettar og folkerett?

Panelet:
Ronnie Barkan, israelsk menneskerettsaktivist frå Boycott from within
Peder Martin Lysestøl, førstelektor i samfunnsøkonomi på Høgskolen i Sør-Trøndelag, forfattar av boka “Israel: bak muren av myter og propaganda” og heftet “Det israelske gasseventyret og Norge som den gode fe”
Kristina Klagegg, internasjonalt ansvarleg i Studentparlamentet ved Universitetet i Oslo

Ordstyrar:
Tora Systad Tyssen, Fellesutvalget for Palestina

Kor: Auditorium 3, SV-bygget, Eilert Sundts hus, Blindern
Når: Tysdag 25. oktober klokka 17.15-18.45
Seminaret er gratis og åpent for alle! Følg arrangementet på Facebook her. 


Fatal error: Uncaught Exception: 12: REST API is deprecated for versions v2.1 and higher (12) thrown in /home/palestin/public_html/wp-content/plugins/seo-facebook-comments/facebook/base_facebook.php on line 1273