Globaliseringskonferansen: Palestinske flyktningar – igjen og igjen

yarmouk
Det vert sagt at uansett kor ille folk har det i Midtausten, har alltid dei palestinske flyktningane det endå verre. Det verkar og å gjelde for dei 560 000 palestinske flyktningane som var til i Syria då krigen der braut ut i 2011. Medan mange syrarar har greidd å kome seg ut av landet, er flesteparten av dei palestinske flyktningane, som har levd statslause i flytkningeleiarar sidan dei kom til Syria etter krigane i 1948 og 1967, internt fordrevne. Hos nabolanda møter dei stengte grenser. Nok ein gong har dei palestinske flyktningane vorte fordrevne frå heimane sine, kor skal dei reise no? Kvifor er grensene stengde for palestinerane? Korleis går det med dei som kjem seg ut? Og kva er moglege løysingar for palestinerane som nok ein gong er drivne på flukt?

Til å diskutere dette har vi invitert Mona Wærnes, som arbeider med palestinske flyktningar i Libanon for Norsk Folkehjelp, Rania Madi, som arbeider i den palestinske menneskerettsorganisasjonen Badil og ekspert på internasjonal rett, Cecilie Hellestveit frå ILPI. Ordstyrar i er leiar i Fellesutvalget for Palestina, Tora Systad Tyssen.
Seminaret vert på engelsk. Følg arrangementet på Facebook. 

Dette arrangementet er ein del av Globaliseringskonferansen 27. – 30. oktober på Youngstorget! Globaliseringskonferansen arrangerast annan kvart år av Norges Sosiale Forum og er ein møtestad for alle med sosialt og politisk engasjement. Norges Sosiale Forum er ein allianse av 70 norske organisasjonar med eit felles formål: Ei meir rettferdig og demokratisk verd kor menneske, samfunn og miljø prioriterast over økonomisk vinst.

Sjå heile programmet her.
Kjøp billettar her.


Fatal error: Uncaught Exception: 12: REST API is deprecated for versions v2.1 and higher (12) thrown in /home/palestin/public_html/wp-content/plugins/seo-facebook-comments/facebook/base_facebook.php on line 1273