Palestinakonferansen 2016: Palestinsk motstandskamp

13912792_1284473821565070_8765717270578441516_n

Søndag 16. oktober inviterer Fellesutvalget for Palestina igjen til Palestinakonferansen ved Høgskulen i Oslo og Akershus.

Til neste år vert vi diverre nøydd å markere 50 år med israelsk okkupasjon av Vestbreidda og Gaza. Palestinarane har gjennom dei fem tiåra protestert og slost mot okkupasjonen og for sjølvstyre på ei rekke ulike måtar, men utan at det overordna målet er nådd: Eit fritt Palestina. Vi vil difor på Palestinakonferansen 2016 ta opp temaet palestinsk motstandskamp – kor står den og kor er den på veg?

Frå mediarapportane det siste året er det lett å tenke at den palestinske motstandskampen er redusert til sporadiske knivangrep frå desperate ungdommar. Den palestinske desperasjonen har auka i takt med at Israel er på veg mot ytre høgre og busetjarrørsla i stor grad får diktere den politiske utviklinga i landet. Samtidig samarbeider den palestinske leiarskapen stadig tettare med okkupasjonsmakta og mistar gradvis støtte og legitimitet. Kor kan palestinarane rette innsatsen no? Er knivangrep alt som er att av motstand eller er palestinsk motstandskamp i 2016 eigentlig et vell av kulturelle, religiøse, politiske og akademiske kampinitiativ, både på grasrotnivå og opp i systemet?

Til å ta for seg dei spørsmåla har vi henta inn relevante stemmer som gjennom politikk, grasrotaktivisme, akademia, journalistikk og på andre måtar arbeider for eit fritt Palestina.

Foreløpig program for dagen (endringar kan kome):

10.30 Dørene opnar

11.00 Velkommen

11.10 Den palestinske motstandskampen på bakken i dag
Muhannad Qafesha frå Youth Against Settlements i Hebron i samtale med Jacob Høigilt.

11.50 Digital Jihad: Palestinsk motstand i den digitale tidsalderen
Erik Skare frå Universitet i Oslo i samtale med Hanne Eggen Røislien.

12.30 Pause

12.45 Kva veg bør den palestinske motstandskampen ta no?
Hanan Ashrawi i samtale med Ebba Wergeland

14.00  Lunsj

14.45 Palestinsk motstandskamp i Israel
Sami Abou Shhada frå Balad/ Joint List.

15.30 Pause – frukt og kaffi

15.45 Salongen i Jerusalem, kampen om Palestina 1917-1948
Odd Karsten Tveit i samtale med Tora Systad Tyssen

16.30 Avsluttande panelsamtale med innleiarane

17.00 Program slutt

Om innleiarane

Hanan Ashrawi1Hanan Ashrawi vert skildra som ein av dei mest innflytelsesrike palestinarane i vår tid og ein leiande figur under den første intifadaen. Ho vart internasjonalt kjend då ho var talsperson for den palestinske delegasjonen til fredsforhandlingane i Madrid i 1991-1993. I 1996 vart ho utnemd til minister for forsking og høgare utdanning, ein post ho seinare sa ifrå seg i protest mot politisk korrupsjon. Ashrawi er no medlem av The Palestinian Legislative Council og styreleiar i Miftah – The Palestinian Initiative for the promotion of Global Dialogue and Democracy. I samtale med Ebba Wergeland, lege og mangeårig Palestina-aktivist, vil ho snakke om vegen vidare for den palestinske motstandskampen.

Odd Karsten TveitOdd Karsten Tveit er ein nestor innan norsk utanriksjournalistikk og ein av dei som kjenner situasjonen på bakken i Midtausten best etter fleire tiår på oppdrag for NRK i regionen. Han har skrive ei rekke prislønna bøker om Palestina og Israel. I haust kjem Salongen i Jerusalem kor han tek føre seg kampen om Palestina mellom 1917 og 1948. Tveit kjem for å snakke om boka si og trekke dei historiske linjene for den palestinske motstandskampen i samtale med leiar i Fellesutvalget for Palestina, Tora Systad Tyssen.

14502960_1321985824480536_2785669368691676614_nMuhannad Qafesha er student, fotballkommentator i palestinsk tv og aktivist i grasrotrørsla Youth Against Settlements i Hebron. Youth Against Settlements leier den ikkje-valdelege folkelege motstanden mot den aggressive busetnadsekspansjonen i Hebron, kor stadig større delar av byen vert avstengd for palestinarane og ei rekke unge palestinarar har vorte regelrett henretta av det israelske militæret i gatene det siste året. Qafesha vil snakke om den palestinske motstandskampen på bakken i samtale med PRIO-forskar Jacob Høigilt som tidlegare har forska på ungdomsaktivisme på Vestbreidda og i Gaza.

10943744_10204264221619883_9202333893343517487_nErik Skare kjem i oktober med boka Digital Jihad: Palestinian resistance in the digital era kor han utforskar digitaliseringa av den palestinske motstandskampen og kva rolla hackarar spelar i den. Boka baserer seg på Skare si masteroppgåve ved Institutt for kulturstudier og orientalske språk (IKOS) ved Universitetet i Oslo. No er han doktorgradsstipendiat ved same institutt. Skare vil snakke om digital motstandskamp i samtale med forskar Hanne Eggen Røislien, som er forskar i Cyberforsvaret og tilknytt Center for Strategic and International Studies i Washington DC.

Bilete av Sami Abou Shhade, cc- Rebecca CollardSami Abou Shhada er ein palestinsk politikar og historikar med israelsk statsborgerskap. Han er medlem i Balad/Joint List og lokalpolitiker i Tel Aviv. Abou Shhada skriv no doktorgradsavhandling om palestinsk historie før 1948. Shhada kjem til konferansen for å snakke om korleis det er å slost for palestinsk fridom i det israelske politiske systemet og om korleis palestinarane i Israel diskriminerast.

 

Praktisk informasjon
Kor: Høgskolen i Oslo og Akershus, Pilestredet 35, inngang frå Holbergsplass
Når: 16.oktober kl. 11 – 17
Påmelding: Det er ikkje bindande påmelding, men vi oppfordrer alle til å melde seg på ved å bruke påmeldingsskjemaet vårt.

Følg arrangementet på Facebook for oppdatert informasjon.

Konferansen er gratis.
Det vert høve til å kjøpe palestinsk mat i lunsjen.


Fatal error: Uncaught Exception: 12: REST API is deprecated for versions v2.1 and higher (12) thrown in /home/palestin/public_html/wp-content/plugins/seo-facebook-comments/facebook/base_facebook.php on line 1273