Å stele jord er eit problem

FOTO: RONEN ZVULUN / REUTERS

Foto: Ronen Zvulun/ Reuters

Den israelske ambassadøren til Noreg, Raphael Schutz, skriv i ein kronikk tysdag at det ikkje er den israelske busetnadspolitikken, men heller det fastlåste palestinske tankesettet, som er eit hinder for fred. Han er indignert over at Noreg, saman med resten av det internasjonale samfunnet, kritiserer den israelske busetnadspolitikken.

Tora Systad Tyssen

Tora Systad Tyssen

Dette lesarinnlegget vart først publisert på NRK Ytring sine sider. 

Kvifor busetnadane ikkje er er eit hinder for fred har ikkje Schutz noko svar på, så vi kan jo sjå på kvifor det internasjonale samfunnet meiner det er så kritikkverdig.

Schutz syner sjølv til busetnadspolitikken. Han legg såleis ikkje skjul på at det er ein aktiv politikk frå israelske myndigheiter å bygge og utvide dei israelske busetnadane på okkupert palestinsk område.

Gjennom økonomiske subsidiar, byggeløyver og utbygging av infrastruktur har den israelske staten tilrettelagt og oppforda israelarar til å byggje og bu i busetnadar sidan Vestbreidda vart okkupert i 1967. No bur det over 500 000 israelske busetjarar på Vestbreidda, og Israel opnar for stadige utvidingar av desse busetnadane.

Å transportere eiga sivilbefolkning inn på okkupert område er eit brot med folkeretten, nærare bestemt den fjerde Genevekonvensjonen. At det vekker internasjonale fordømming bør ikkje kome som ei overrasking. Den siste rapporten til Midtausten-kvartetten, som Schutz sjølv trekk fram, seier at Israel sin busetnadspolitikk gradvis øydelegg for alt grunnlag for ei tostatsløysing.

Busetnadspolitikken er eit hinder for fred fordi det inneber steling av palestinsk jord, vatn og naturressursar, fordriving av palestinarar og fordi busetjaråtak mot palestinarar og eigedomane deira er vanleg.

Den israelske menneskerettsorganisasjonen Yesh Din registrerete 135 tilfeller av busetjaråtak i 2015. Det er eit hinder for fred fordi den jorda som framleis er på palestinske hender stadig vert mindre og det snart ikkje er meir å forhandle om. Kor den palestinske nasjonalstaten som Schutz referer til skal vere dersom Israel skal halde fram å utvide busetnadane, vil eg gjerne vite.

Schutz meiner det er det fastlåste tankesettet hos palestinerane og deira manglande vilje til å akseptere Israel som er det største hinderet for fred. PLO har anerkjent Israel gjennom Oslo-avtalen. Det er snart 25 år sidan.

Kravet om at Israel og skal aksepterast som ein jødisk stat er eit krav som har kome i ettertid og verkar å berre vere ein uthalingstaktikk frå israelsk side for å bremse eitkvart forsøk på fredsprosess.

Schutz vil at Noreg som leiar i giverlandsgruppa skal legge press på palestinske leiarar om at dei må akseptere nettopp den jødiske nasjonalstaten. At det vekker reaksjonar at Israel vil vere ein jødisk nasjonalstat, all den tid 20 prosent av statsborgarane i landet er palestinarar som då ikkje er jødiske, bør ikkje vere overraskande for verken Schutz eller resten av den israelske staten.

Ein stat skal vere ein stat for alle sine innbyggjarar. Og dersom det skal verte fred må nok Israel legge vekk den fastlåste tanken om at busetnadar ikkje er eit hinder for å nå det.


Fatal error: Uncaught Exception: 12: REST API is deprecated for versions v2.1 and higher (12) thrown in /home/palestin/public_html/wp-content/plugins/seo-facebook-comments/facebook/base_facebook.php on line 1273