Gledeleg Eid!

Forventning og glede ligg tjukt over gater, marknader og butikkar. Ungar virrar omkring berusa av det som skal kome – som femåringar på julaftanmorgon. Det er køar av folk overalt og stor trengsle framfor kjøtbutikkar og grønsaksboder.

TEKST/FOTO: JAN EGIL BERG, BETLEHEM

På morgonturen min til Haram Ash-Harif (Tempelplassen) i Jerusalem var det den vanlege køa av ortodokse jødar på veg til og frå Vestmuren (Klagemuren). Det var òg ein straum av kvinner som handla sjokolade og klede som skal gjevast bort i morgon.

I handlegater på heile Vestbreidda - som her i gamlebyen i Jerusalem er det ekstra trangt når folk handlar til Eid

I handlegater på heile Vestbreidda - som her i gamlebyen i Jerusalem er det ekstra trangt når folk handlar til Eid

På kveldsturen min i dag gjennom Betlehem sentrum måtte eg trengje meg mellom handleposar og glade muslimar, feilparkerte bilar, trafikkpoliti og tut- og køyrande som prøvde å finne parkeringsplass så nær handlegatene som mogeleg.

Eg tur dette er ei geit som skal bli Eid-måltid

Eg tur dette er ei geit som skal bli Eid-måltid

.. og det skal handlast frukt og grønnsaker. Her frå Aust Jerusalem med den gamle bymuren i bakgrunnen.

.. og det skal handlast frukt og grønnsaker. Her frå Aust Jerusalem med den gamle bymuren i bakgrunnen.

No søtti dagart etter Ramadan vert Eid al Adha feira for å minnast Abraham/Ibrahim (stamfra til muslimar, jødar og kristne tillike) var viljug til å ofre sonen Ismail, etter ordre frå Gud. Slik eg kan minnast frå ei liknande soge eg høyrte på søndagsskulen, sendte Gud

Abraham/Ibrahim ofrar Isak/Ismael.

Illustrasjon: Abraham/Ibrahim ofrar Isak/Ismael.

ein mekrande vær i staden, slik at den lydige faren slapp å slakte sonen sin. Difor er prisane på saue- og geitekjøt høge for tida. Og difor fastar truande muslimar denne dagen for å gjere seg klar til (fåre)kjøtgrytene i morgon. Difor gjev muslimske familiar gåver til kvarande og difor gleder seg i lag dei tre dagane festen varer. Skulane har fri ei heil veke (og vi har relativt lette dagar framfor oss utan monitorering av militære sjekkpostar – ingen er av stad til Jerusalam på jobb på ei lita stund.

 

Mange eg har snakka med i dag fortel om den spesielle festen og forklarar kvifor dei feirar han. Mange seier rett nok at dei er 50/50 happy. No for tida er ting så dyrt, seier dei. Mange har ikkje råd til korkje gåver eller kjøt. Det var betre før, kan dei minnast. Før den palestinske staten flådde dei med skattar. (Som folk lurar på kvar vert av. Staten sine inntekter er vanskeleg for folk flest å augne i betre helsestell, god skule eller brukbare vegar).

Likevel – slik Abbas sin tale til FN for nokre veker sidan og fangeutvekslinga for litt sidan, er Eid ein fest som kan få folk til å tenkje på anna enn okkupasjon og harde tider. Det er smil i travle handleandlet. Og bilistane si tuting har noko festaktig over seg. Gløymte eg å si at denne dagen kjentes som vesle julaftan i travle handlestrok i gamlelandet (Norge)?

Godteri til festen -- God Eid!

Godteri til festen -- God Eid!

God Eid!

P.S. På veg gjennom flyktningleiren Azzeh i Betlehem søndag var det fleire folk i gata enn vanleg. Store høgtalarar spreidde dansemusik og unge gutar dansa. Eg vart òg dregen inn i ringdansen og gjorde så godt eg kunne med fotarbeidet mitt. Glade og inviterande andlet gjorde det lett å kjenne seg som ein del av gleda. Plutseleg ser eg eit bakhovud mellom beina mine og eg vert lyfta opp i veret. Ei stund er eg ein del av ei lita pyramide som feirar Eid her i Palestina. Etter bilettaking og glade tilrop, kjenner nok den unge guten at børa hans er litt for tung og eg vert sett ned på gateplanet att.

Eg vart dregen inn i EId-feiringa I Azzeh-leiren i Betlehem. Eg gjev kameraet mitt til ein med-dansande. Welcome to Palestine - Happy Eid!!

Eg vart dregen inn i EId-feiringa I Azzeh-leiren i Betlehem. Eg gjev kameraet mitt til ein med-dansande. Welcome to Palestine - Happy Eid!!

Mohammed på 16, som eg var på veg for å vitje, såg det opptrinnet frå verandaen sin. Me ønskjer kvarandre God Eid. Han gleder seg over at eg vart gjort stas på. Familien hans hadde ikkje råd til kjøt dette året… D.S.

Denne artikkelen ble publisert 1. oktober 2011 på Jan Egil Bergs blogg, som du kan lese her. Jan Egil er sendt av Kirkens Nødhjelp og deltar i Ledsagerprogrammet (EAPPI).

Disclamer:
Ecumenical Accompaniment Programme in Palestine and Israel (EAPPI) er et initiativ fra Kirkens Verdensråd. Norsk koordinator er Kirkens Nødhjelp. Bilder og ytringer i denne artikkelen er mine egne, og representerer nødvendigvis ikke Kirkens Nødhjelp eller Kirkens Verdensråd.For publisering, vennligst kontakt:
EAPPI Jerusalem: eappi-co@alqudsnet.com
Kirkens Nødhjelp / Norwegian Church Aid: Arne.Naess-Holm@nca.no
About Jan Egil Berg

Jan Egil Berg er for tida ledsager i Betlehem. Bustad i Norge er Søgne. Han er lektor med musikk, media og kristendom som fag og har mastergrad i Internasjonal og fleirkulturell pedagogikk. Han har arbeidd som folkhøgskolelærar og -rektor, har vore organist og kulturskulelærar. Han har bakgrun frå undervining i norsk for framandspråklege og frå undervisningprosjekt for burmesiske flyktningar i Thailand.
Hausten 2011 tek han Kirkenes Verdensråds ledsagerprogram i Palestina og Israel E cumenical Accompaniment Programme in Palestine and Israel. (Sjå www.EAPPI.org). Kirkens Nødhjelp er norsk koordinator for programmet. Det han skriv her er personlige og uttrykker nødvendigvis ikke synet til Kirkenes Verdensråd eller Kirkens Nødhjelp.

Legg igjen en kommentar

*