Vellukka Palestina-konferanse i helga.

– Det var over 100 menneske innom konferansen i helga, så me er godt fornøgde, seier leiar i FuP, Margrete Slettebø. Konferansen var arrangert i samarbeid med LOs internasjonale avdeling.

– Situasjonen for palestinarar i Israel er noko me i LO har fokusert lite på i vårt arbeid. Denne konferansen og praten med dei internasjonale gjestene har vore til inspirasjon for vårt Palestina-arbeid, sa ei entusiastisk Ellen Beate Theodorsen, leiar i LOs internasjonale avdeling, etter konferansen.

Innleiarane frå Israel hadde stundevis sjokkerende informasjon å komme med.

-Heile 83 % av israelske arbeidsgjevarar er ikkje interesserte i å tilsetje palestinske arbeidarar, fortalde Jihad Akel, leiar i Yrkesseksjonen i den israelske fagforeininga Histadrut.

-Det kan vera noko av årsaka til at berre 62 % av palestinske menn er i arbeid. 60 % av dei er tilsette i tunge yrker som bygningsarbeid og landbruk. Det som også gjer det vanskeleg for palestinarar å komme seg ut i arbeid er at mange selskap berre tilsett dei som gjennomført militærteneste. Det har ikkje me palestinarar lov til.

– Det som også er eit problem er at israelerar ikkje kjenner til palestinarar sin historie, seier Efrat Even-Tzur, israeler og fredsaktivist.

– Me arbeider med å få lærarar til undervise i palestinarar sin historie sidan før staten Israel vart oppretta. Problemet er berre at det kan føra til at desse lærarane får sparken, seier ho.

Og det ser berre ut til å bli verre for internopposisjonen i Israel. Fleire organisasjonar har fått konfiskert datautstyret sitt og lokala sine. Ein ynskjer ikkje at israelerar skal stilla spørsmål ved måten palestinarar vert handsama, verken på okkupert område eller i Israel.

Mohammad Othman og Jamal Juma, menneskerettsaktivistar frå Stop the Wall på Vestbredda helsa konferansen via Skype. Dei var tydeleg glade for å vera ute av israelsk fengsel, og takka norske aktivistar for sitt arbeid med å få dei frigjort.

Den israelske ambassaderåden, som var invitert, dukka ikkje opp på grunn av bekymringar kring sikkerheiten på konferansen, men dei andre innleiarane frå både inn- og utland sørga for eit lærerikt og interessant program.

Andre nyhende:

Israel har sluttet å gi arbeidsløyve til hjelpearbeidarar og onsdag vart ein journalist deportert. Organisasjonar fryktar at særleg arbeid i Aust-Jerusalem og C-område blir nesten umogleg. Klassekampen.

Israel stadfestar på nytt sin lovnad om at dei ikkje vil gje opp Vestbredda.Dette underminerer USA sine forsøk om å få i gang fredssamtalar. Les meir på Al Jazeera

Det Internasjonale Transportarbeiderforbundet kritiserer Veolia for fortsatt støtte til Israels okkupasjon av Palestina. Les mer på Fri Fagbevegelse

Rektor ved universitetet i Bergen gjev sitt syn på akademisk boikott i eit ope brev til IUB si nettavis. Les meir på På Høyden


Fatal error: Uncaught Exception: 12: REST API is deprecated for versions v2.1 and higher (12) thrown in /home/palestin/public_html/wp-content/plugins/seo-facebook-comments/facebook/base_facebook.php on line 1273